Graving på eigen eigedom/anna eigedom/offentleg veg og liknande

For graving på eigen eigedom er det viktig å dokumentere kvar kabelen blir lagt, ta gjerne bilete og teikne opp på kart.
Dette er viktig i samband med framtidige prosjekt på eigedomen.Vi anbefalar ei gravedjupne på ca. 30–40 cm.  Kabel bør liggja i fin masse og gjerne sand/grus.
I dei fleste private hagar er fiberrøyr/kabel lagt utan søketråd, ein må då opptre særs varsamt for å unngå brot på fiberkabel som medfører utfall av breibandssignalet. Vi anbefalar handgraving for å lokalisere kabelen.
Dersom du skal grave i eit område der du er usikker på plassering av kabel kan du be Kvinnherad Breiband om kabelpåvisning. Det må merkast at denne kun kan lokaliserast dersom det er nytta søketråd i grøfta.

Var denne artikkelen nyttig?
0 av 0 syntes dette var nyttig

Kommentarer

0 kommentarer

Logg på hvis du vil legge inn en kommentar.