E‑post oppsett


Kvinnherad Breiband har ikkje eigen epostteneste som vert vidareutvikla, vi anbefaler gratis eposttenester som til dømes gmail dersom du ynskjer ny epostadresse.

Har du eksisterande knett.no adresse anbefalar vi at du bruker denne via nettlesar og heimesida vår så slepp du å bruke eige epostprogram.

Dersom du skal setje opp knett.no adressa di på nettbrett, mobil eller pc treng du å vite fylgjande:

Brukarnamn: namnet.ditt@knett.no

Passord: passordet du har fått av oss. (ta kontakt om du ikkje har det, så lagar vi nytt til deg).

Innkomande epostserver:IMAP eller POP3 

Altså: mail.kband.no

IMAP PORT: 993 (anbefales)

POP3 PORT: 995

Sikkerhetstype: SSL

Utgåande epostserver: SMTP

Altså: mail.kband.no

PORT: 587

Sikkerhetstype: STARTTLS

 

Korleis setje opp e‑post i windows 10?

Her finn du ein video som kanskje kan hjelpe deg.

Korleis konfigurere e‑post frå @knett?

Då loggar du inn med brukarnamn og passord her.

Korleis registrere avsendarar på “svartelista”/SPAM

Mange kundar er plaga med ei del spam frå uvedkomande. Dette kan du gjere litt tiltak for å forbetre ved å svarteliste aktuelle utsendingsadresser.
Mange mottek også plagsom informasjon/tilbod og anna SPAM frå aktørar som ikkje sender frå ei reell e‑post adresse. Desse er vanskeleg å få bukt med (diverre).
Hugs at du i mange tilfeller kan velge å ta “unsuscribe” på nyhetsbrev som du ikkje ynskjer.

Gå inn på nettsida:
https://mail.kband.no/iredadmin
Skriv inn “username” (di fullstendige e‑post adresse)
Sriv inn “password” (ditt passord, samme som ved innlogging på e‑post tenesta til vanleg)

Trykk på fana “White/Blacklist” og legg inn dei du ikkje ynskjer å motta e‑post frå (SPAM) i feltet “Blacklisted senders”.
Du legg då inn e‑postadressa på ei eiga linje nedover og trykker “save changes”.

Generelle tips for å unngå å gå SPAM er:

  1. Legg aldri igjen e-postadressa di  på sider på nettet du ikkje er sikker på, eller som du trur vil sende deg uønska informasjon og reklame.
  2. Ikke legg inn e‑post adressa di på opne nettsider eller diskusjonsgrupper.
  3. Svar aldri på uadressert e‑post.
Var denne artikkelen nyttig?
0 av 0 syntes dette var nyttig

Kommentarer

0 kommentarer

Logg på hvis du vil legge inn en kommentar.