Telia Play i APP og nettlesar

Som TV- og fiberkunde hos Kvinnherad Breiband kan du sjå på TV sjølv om TV-en i stova er opptatt, sjå nyheitene medan du lagar middag, eller la barna sjå på TV i baksetet på bilen. Med Telia Play app kan du søke, pause og spole. I tillegg kan du sette på opptak på Telia boksen.

Desse kanalane kan du sjå
Kanalane i appen vil spegle kanalane du har valt inn i pakken din. Logg inn på Mi side her for å sjå kva kanalar du har tilgjengeleg eller for å gjere endringar.

Sjå TV kvar du vil
Bruk nettbrettet i staden for å investere i ein ny TV på hytta eller på soverommet. Du har tilgang til dei fleste kanalene i TV-pakken din på nettbrett og mobil. Appen kan du laste ned i app store(Apple) eller google play(Android). Du kan også bruke nettleser i datamaskin: teliaplay.no

For å bruke Telia Play app treng du TV frå Telia og tilgang til internett. Tenesta er førebels inkludert i ditt TV-abonnement. Strøyming over (mobilnett) vil kunne medføre ekstra datatrafikk.

Gjer opptak, og sjå dei offline
Med opptak kan du spare på favorittinnhaldet ditt, og ta så mange samtidige opptak du vil. Opptaka blir tilgjengeleg i skya, og du kan nyte dei på tvers av alle einingar, uansett kva dings du er på. I tillegg kan du laste ned opptaka med offline-funksjonen, slik at innhaldet er tilgjengeleg sjølv om du ikkje har tilgang på internett. Du kan også laste ned favorittfilmane og seriane dine frå dei fleste strøymetenestene — utan å bruke internett eller wifi.

Med opptak/skylagring får du:

  • 500 timar opptak med skylagring
  • Ta opp så mange ting du vil samtidig
  • Ubegrensa levetid på opptaka
  • Last ned og sjå opptaka offline på mobil og nettbrett

Sjå her korleis du gjer opptak

Var denne artikkelen nyttig?
0 av 0 syntes dette var nyttig

Kommentarer

0 kommentarer

Logg på hvis du vil legge inn en kommentar.